Friområde og leikeplassar

Ida Kristin Vollum Kommunen har ansvar for vedlikehald av parkane me har i Sveio. I tillegg ryddar me kommunale vegar, samt held leikeplassane i kommunen. Her kan du lesa meir om det me har ansvar for og kva me kan stå til hjelp med for private.

Kontaktinformasjon finn du nedst i denne artikkelen.

Kommunale oppgåver

Kommunale oppgåver innan park og idrettsanlegg blir utført av kommunen si eining for drift og anlegg. Desse oppgåvene omfattar drift og vedlikehald av park-, idretts- og friluftsanlegg, inkludert grøntanlegg ved kommunale bygg (som kommunehuset), inkludert:

  • Grøntanlegg
  • Utandørsanlegg ved skular
  • Utandørsanlegg ved kommunale barnehagar
  • Utandørsanlegg ved kommunale omsorgsbustadar
  • Utandørsanlegg ved diverse kommunale bygg, inkludert kommunale leigebustadar
  • Areal ved idrettsanlegg (ikke kunstgrasareal)
  • Utandørsanlegg ved kommunale idrettshallar
  • Kommunale parkar og friområde
  • Vedlikehald og tilsyn av kommunale leikeplasser og balløkker
  • Tilsyn og vedlikehald ved kulturminne

Friområde

I Sveio er det mange område som er regulert som friområde, men sjølv om dei er regulert som offentlege friområde betyr ikkje det at dei er eigde av kommunen. Det er òg friområde som er eigde av private.

Alle har fritt lov til å ferdast i friområda, dette er noe som er regulert av allemannsretten.

Friområda er ofte dei mest nærliggande grøne områda i bebygde strøk, grøne lunger som kan gi ein fristad for mennesker og dyr. Det er område ein kan leika i, og kanskje velet i området lagar noko der som alle kan ha nytte av.

Om ein vil setta opp noko i eit friområde, må grunneigar kontaktast. Ein må òg ta kontakt med kommunen for å høyra om det kan vera noko som ein pliktar å søka om, sjå under. 

Om det er tre på friområde som er til sjenanse for naboar, der kommunen er grunneigar, send bilete og adresse til kommunen (sjå under "Kontakt"). 

Kommunen si oppfordring er å ta i bruk friområda!

Leikeplassar

Kva er offentlege og kva er private leikeplassar?

Kommunale leikeplassar i Sveio er som regel dei du finn ved byggefelt. Leikeplassane ved skulane er ikkje definerte som kommunale i denne samanheng, og det er opp til skulane sjølve å halda dei til ei viss grad. Om du lurer på om leikeplassen din er offentleg eller privat, kan du sjå på reguleringsplanen.

Korleis kan eg få støtte til leikeplassutstyr?

Då kan du søka til kommunen om midlar, sjå under "Kontakt". 

Ønsker du å gjera noko sjølv?

Det viktigaste her er å ha ein avtale med grunneigar, både om det er privat eller offentleg leikeplass.

For arbeid på offentlege leikeplassar skal ein kontakta kommunen (sjå under "Kontakt"). På offentlege lekeplasser er det bra at du held kommunen oppdatert på arbeidet og me kan komma innom og sjekka om alt er ok.

På private leikeplassar kan kommunen hjelpa med enkelte ting, slik som:

  • Me kan hjelpa til med å køyra grus til leikeplassen og sand til sandkasser dersom det skulle vera ønskeleg. Her vil me i så fall berre komma med lass til leikeplassen, og så er det opp til initiativtakar sjølv å spa ut det gamle og dra utover det nye.
  • Me kan òg stilla med maling til leveggar på leikeplassen.
  • Me vil òg kunna hjelpa med rådgiving om leikeutstyr o.l.

Lån av område til arrangement

Torget nedanfor kommunehuset kan lånast til arrangement. Les meir her. 

Kontakt

Ønsker du å setta opp noko i eit friområde? Søka om støtte til leikeplassutstyr? Eller gjera noko sjølv på ein offentleg leikeplass? 

Send ein e-post til kommunen på postmottak@sveio.kommune.no, så vil du bli sett i kontakt med riktig eining.