Borgarleg vigsel i Sveio kommune

Vigsel - Klikk for stort bilete Den 1. januar 2018 blei borgarleg vigsel overført frå tingrettane til kommunane. Ein kan derfor no gifta seg i Sveio sin flotte kommunestyresal, og det er òg moglegheiter for at den kommunale vigslaren kan utføra seremonien andre stader.

Sveio kommune gir som utgangspunkt tilbod om vigsel torsdagar og fredagar i tidsrommet 11.00–15.00. Det er ikkje lagt opp til vigslar på "raude dagar" eller "inneklemde dagar". Seremonien blir halde i Kommunestyresalen på kommunehuset.

Om ein har ønske om vigsel andre dagar eller andre stadar, er det mogleg å avtala dette særskilt med vigslar.

Gebyr

Pris (gebyrregulativ) for borgarleg vigsel i Sveio kommune, gjeldande frå 1. januar 2019.

For par der minst éin person er busett i Sveio kommune:

  • Vigsel i Kommunestyresalen i kontortida: Kr 0,–
  • Vigsel i Kommunestyresalen utanom kontortida: Kr 2056,–
  • Vigsel andre stader i kontortida: Kr 3084,–
  • Vigsel andre stader utanom kontortida: Kr 4112,–

For par der begge personane er busette i ein annan kommune enn Sveio:

  • Vigsel i Kommunestyresalen i kontortida: Kr 1542,–
  • Vigsel i Kommunestyresalen utanom kontortida: Kr 3598,–
  • Vigsel andre stader i kontortida: Kr 4626,–
  • Vigsel andre stader utanom kontortida: Kr 5654,–

Ved vigslar andre stader enn på kommunehuset, må brureparet sjølve sørga for å leiga andre lokale for eiga rekning.

Kontakt

Ein gjer avtale om borgarleg vigsel ved å kontakta Sveio kommune på e-post postmottak@sveio.kommune.no eller telefon 53 74 80 00. Det er ønskeleg at ein gjer avtale om tidspunkt for vigsel minst éin månad i førevegen.

I forkant av vigselen blir de invitert til eit møte med vigslar. Personar med kommunal vigselsrett er ordførar, varaordførar, rådmann og ein bestemt saksbehandlar. Ordførar står for dei fleste vigslane. På dette møtet fyller de ut fakturagrunnlag og avtaler detaljer rundt vigselen, som dato og klokkeslett, stad, om det er gjester, om lokalet skal pyntast, om de vil utveksla ringar, har nokon innslag under seremonien etc. 

Prøvingsattest

Før vigselen må paret sørga for å få ein såkalla prøvingsattest frå Skatteetaten. Dette er eit dokument som stadfestar at paret oppfyller alle vilkår for å kunne inngå ekteskap, og attesten er gyldig i fire månadar.

Ein kan søka om prøvingsattest elektronisk: 

http://www.skatteetaten.no/no/person/folkeregister/Ekteskap-og-samliv/

Når ein mottar prøvingsattest frå Skatteetaten, må denne leverast inn til kommunen. Ein kan senda attesten pr. post (Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio) eller levera attesten inn personleg til Servicekontoret på kommunehuset. Attesten må vera kommunen i hende seinast to veker før vigselen. 

I etterkant av vigselen tar kommunen vare på den originale prøvingsattesten, mens ekteparet får med seg ein kopi og ein kopi blir send til Skatteetaten. Skatteetaten vil så senda ein endeleg vigselsattest til ekteparet.

Korleis går seremonien føre seg?

Dersom det er avtalt vigsel på kommunehuset, bør paret, forlovarar og gjester møta opp 15 minutt før avtalt tid for vigselen. De venter i foajéen til de blir tatt imot og vist inn til Kommunestyresalen. Det skal vera to vitne til stades under seremonien. Dette er til vanleg forlovarane, men det kan òg vera to andre myndige personar. Om ein eller begge av dykk er framandspråkleg(e), må de på førehand avtala kva språk som skal brukast under seremonien. Sveio kommune gir tilbod om vigsel på norsk og engelsk. For andre språk må de sjølve sørga for å ha med kvalifisert tolk.

Sjølve seremonien tek ca. ti minutt – lenger dersom det er avtalt andre innslag. Ein vigslar står for vigselen.  Sjølve vigselen skjer ved at vigslaren les ein fastsett tekst for borgarleg vigsel. Etter dette blir de spurde om de vil ha kvarandre til ektefeller. Så erklærer vigslaren dykk som ektefolk. Til slutt underteiknar de sjølve, dei to vitna og vigslaren prøvingsattesten (som òg fungerer som vigselsprotokoll).

Om de ønsker å utveksla ringar, må de gi melding om dette på førehand, i møtet med vigslar. De kan òg gi beskjed om dette like før seremonien startar. Ringane skal setjast på når vigslar har erklært dykk som ektefolk. Vigslar seier frå når de kan utveksla ringar.

De kan gjerne ha musikk og diktlesing i tilknyting til seremonien. Gi melding i møtet med vigslar dersom de ønsker dette. Det er piano tilgjengeleg i Kommunestyresalen.

Sveio kommune sørger for at Kommunestyresalen er pent rydda med riktig plassering av stolar og bord. Kommunen sørger òg for levande ljos. Om de ønsker meir pynt, f.eks., må de avtala dette på førehand, slik at pyntinga kan gjennomførast før sjølve vigselen.

Fotografering kan skje både under og etter seremonien.

Ordføraren i Sveio har bestemt at det skal flaggast på dei offisielle flaggstengene framfor kommunehuset når det er par som blir vigde i Kommunestyresalen.

Publisert av Bjarte Stølås Storli. Sist endra 17.09.2019