Høyring – Forskrift om permisjon frå opplæringa ved skulane

Lokal forskrift om permisjon frå opplæringa ved skulane blir med dette lagt ut til høyring. 

Høyringsfristen er 25. april 2024


Ny opplæringslov, LOV-2023-06-09-30; Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), tek til å gjelda 1. august 2024. Det er eit krav at kommunane skal fastsetja fleire lokale forskrifter etter den nye lova. I Sveio kommune må slike forskrifter fastsetjast av kommunestyret 17. juni 2024 for at det skal kunna gjelda frå det tidspunktet ny lov trer i kraft.

I tidlegare opplæringslov var grensa for samanhengande permisjon frå undervisninga sett til to veker (ti skuledagar). Det finst ikkje ei slik grense i den nye lova, så dette må fastsetjast gjennom lokal forskrift. Skule- og barnehagekontoret rår til at vi held fram med eksisterande praksis på dette feltet, altså at maksimal samanhengande permisjon framleis blir to veker.

Framlegg til forskrift om permisjon frå opplæringa ved skulane i Sveio kommune blir med dette lagt ut til offentleg høyring. 

Fristen for å senda inn høyringsfråsegn blir sett til 25. april 2024. 

Høyringsfråsegner kan sendast til postmottak@sveio.kommune.no.

Framlegget til forskrift: Forskrift om permisjon frå opplæringa ved skulane – Høyringsutkast pr. 25.03.2024 (PDF, 139 kB)