Høyring – Forskrift om vedtekter for skulefritidsordninga

Framlegg til lokal forskrift om vedtekter for SFO blir med dette lagt ut til høyring. 

Høyringsfristen er 23. april 2024. 


I samband med at ny opplæringslov, LOV-2023-06-09-30; Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) tek til å gjelda 1. august 2024, er det krav om at dei kommunale vedtektene for skulefritidsordninga (SFO) skal fastsetjast som forskrift. For at forskriftene skal kunna ta til å gjelda frå same tidspunktet som den nye lova, må dei handsamast av Sveio kommunestyre i møtet 17. juni 2024.

Det blir ikkje gjort framlegg til større endringar i høve til det som kjem fram av dei gjeldande kommunale vedtektene. Endringane er markerte som «spor endring», der formuleringar som skal ut, er strokne over, medan nye formuleringar er merkte med raudt. Forskrifta er oppdatert med dei siste vedtaka i Stortinget der elevar både i 1., 2. og 3. klasse har rett på gratis kjernetid i SFO. Vidare er heimelen for forskrifta endra til ny paragraf 4-5 i ny lov.

Høyringsfristen blir sett til tysdag 23. april 2024.

Eventuelle høyringsfråsegner kan sendast til postmottak@sveio.kommune.no.

Høyringsframlegget: Forskrift om vedtekter i dei kommunale skulefritidsordningane – Høyringsframlegg pr. 25.03.2024 (PDF, 175 kB)