Kunngjering – Godkjent reguleringsplan for del av FV. 47 Fagerheim-Ekrene

Sveio kommunestyre fatta vedtak i møte 08.04.2019, sak KOM-015/19, i medhald av plan- og bygningslova § 12-12, om å godkjenna detaljregulering for den del av Fv. 47 på strekninga Fagerheim-Ekrene, som ligg i Sveio kommune.

Planforslaget omhandlar omlegging av fylkesvegen og viser m.a. vegareal, gang- og sykkelveg, parkering, busslommer og omkringliggjande eksisterande arealføremål.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til Fylkesmannen i Vestland innan tre veker frå denne kunngjeringa, jf pbl § 12-13. Eventuell klage må vera grunngjeven og skal sendast til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio, eller til postmottak@sveio.kommune.no. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram innan tre år.

Vedlagt ligg saksframlegg, plankart, føresegner og andre tilhøyrande saksdokument