Har du sett denne planten i vegkanten?

Landøyda i full blomst - Klikk for stort bileteLandøyda i full blomstDet er kome inn fleire meldingar til kommunen om landøyda, som er ein plante som har auka i vekst i Sveio dei siste åra. Dette er ikkje bra, då landøyda er giftig for hest og storfe.

Per i dag blir det ikkje laga til noko felles dugnad frå kommunen si side, men Sveio kommune oppfordrar til å dra planta opp med rota. Putt den i ein pose og kast den i restavfallet. Me rådar til å bruke hanskar når ein drar opp planta.

Landøyda blømer no om dagen og er lett å kjenne at.

Illustrasjonsbilde Landøyda - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde landøyda