Hjelp ved symptomer på demens
Illustrasjonsbilde
Hukommelsesteamet i Sveio kommune består av helsepersonell med ulik fagbakgrunn. Alle som har ei bekymring knytta til demens, anten for eigen del, som pårørande eller som hjelpepersonell, kan gjerne ta kontakt med teamet.
Opplever du sjølv eller kjenner du nokon som
- Gløymer det som nett har hendt
- Gjentek historiar
- Har problemer med å gjenkjenne folk
- Har problemer med å klare seg i kvardagen
- Endring og forsterking av personlighetstrekk
- Svekka dømekraft
Kva tilbyr me
- Utredning i samarbeid med fastlege
- Kartlegging og utgreiingssamtale i lag med brukar og pårørande.
- Kartlegging av behov for hjelp
- Hjelpemiddel som støttar minnet og som kan gi auka tryggleik
- Rettleiing og støtte til pårørande
Kvifor er det viktig å utreda?
- For å utelukke andre sjukdomar med liknande symptom
- For vurdering av medisinar
- For å legge til rette heimesituasjonen for personen med demens og pårørande
- Og for å få rett hjelp til rett tid
Kven kan få tilbodet?
Alle som har ei bekymring knytta til demens, enten for eigen del, som pårørande eller som hjelpepersonell, kan gjerne ta kontakt med oss.
Du får kontakt med oss ved å ringe til Tenestekontoret i kommunen.
Kontaktinfo tenestekontoret:
Telefon: 53 74 82 20
Telefontid: 08.30–15.00
E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no
Publisert av Vibeke Berge Vierdal
Publisert 24.02.2023 09.29