Informasjon om vatningsforbodet

Illustrasjon

Det blei innført vatningsforbod i kommunen laurdag 10. juni.

Kva inneber vatningsforbodet?

Vatning med hageslange, vasspreiar, svetteslange og liknande er ikkje lov. Det er tillate å vatna planter med hagekanne.

Vatningsforbodet gjeld for alle som er knytt til offentleg vassforsyning. 

Kvifor er det innført vatningsforbod? 

Vatningsforbodet er innført som følge av at det til tider blir brukt meir vatn enn kva ein klarer å produsera. Då klarer ein ikkje å fylla opp dei såkalla bufferbassenga. Dette går ut over forsyningstryggleika og beredskap for brannvatn.

Høgt vassforbruk medfører òg at dei som bur høgt i terrenget mister vasstrykket.  

Kor lenge vil forbodet vara?

Vatningsforbodet er mellombels. Det vil bli gitt beskjed når forbodet blir oppheva. 

Ei oppfordring

Sveio kommune oppmodar alle til å unngå unødvendig bruk av vatn!