Inkluderingsmidlar for barn og unge

Illustrasjonsbilde fritidsaktivitet - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde fritidsaktivitet

Sveio kommune ønsker at alle barn og unge skal ha ei aktiv fritid. NAV Sveio har inkluderingsmidlar til dei som treng litt ekstra støtte.

Midlane skal legga til rette for at alle kan ta del i skule- og fritidsaktivitetar, og midlane kan detta blant anna medlemsavgift, fotballsko, racket, drakt eller skulesekk.

Foreldre, lærarar, trenarar, lagleiarar med fleire – alle kan søka.

Det er fleire måtar å søka på:

  • Skriv eit kort brev med informasjon om kva du søker om og kontaktinformasjon (ingen sensitive opplysningar). Du kan legga brevet i postkassen ved NAV Sveio.
  • Kom innom NAV Sveio og fortel at du ønsker å søka om midlane.
  • Ring vakttelefonen til NAV Sveio på tlf. 916 07 903 eller ring tlf. 55 55 33 33 og be om å få snakka med Anne-Gunn Bjørnevik ved NAV Sveio.