Invitasjon til ope møte om næringsareal til sjø
Illustrasjon av Sveio kommunehus av Susann Haaland Karlsen
I samband med rullering av kommuneplanen sin arealdel inviterer me til ope møte om næringsareal til sjø. Ordføraren kjem. Kjem du ?
Tysdag 11.april klokka 17.00
Formannskapssalen på kommunehuset
Sveio kommune har ei lang kystlinje som gir store moglegheiter for etablering av næringsverksemd. Næringsareal til sjø gjer seg blant anna gjeldande i samband med havvindsatsinga i Sunnhordland og på Haugalandet. Men me ser og at småbåtturisme og akvanæringa er sentrale emne.
Kva tenkjer du ?
Me vil gjerne høyra din meining.
Publisert av Vibeke Berge Vierdal
Publisert 29.03.2023 13.07