Kommunedelplan for Sveio sentrum 2022-2034 – Offentleg ettersyn

Kart over sentrumsplan, Sveio kommune - Klikk for stort bileteKart over sentrumsplan, Sveio kommuneTidleg i høyringsperioden vil det bli skipa til eit informasjonsmøte om planen.

Møtestad: Kommunestyresalen

Møtetidspunkt:  Tysdag 28. juni kl. 18.00

I sak KOM-050/22 datert 18.05.2022 blei det gjort vedtak om å leggja forslag til kommunedelplan for Sveio sentrum 2022-2034 ut til offentleg ettersyn i medhald av §11-14 i plan- og bygningslova.

Kommunedelplanen skal vera eit overordna styringsverktøy som skal leggjast til grunn ved planlegging, forvaltning og utbygging av sentrum.

Sveio kommune starta opp  arbeidet med å revidera gjeldande kommunedelplan for Sveio sentrum i mai 2015. I planforslaget er planområdet utvida for å sikra ei planlegging som ser på  samanhengane mellom sentrum og områda omkring for å skapa eit meir heilskapleg bilete av planen. Kommunedelplanen for Sveio sentrum skal leggja til rette for god fordeling og bruk av areala i og rundt sentrum slik at dei gode områda for mellom anna landbruk, friluftsliv og fritidsaktivitetar ikkje blir bygd ned i framtida. Samstundes må det leggjast til rette for vidare utbygging av både bustader, handels- og service funksjonar, anna næringsliv og offentlege tenester. Rett arealføremål på rett stad er utgangspunktet for planarbeidet. Sveiogata som går gjennom sentrum har vore sentral i planleggingsarbeidet for å sikra godt tilgjenge til heile sentrum og tilboda der.

Følgjande dokument inngår i høyringa:

  • Plankart
  • Planføresegner
  • Planomtale
  • Risiko- og sårbarhetsanalyse (ROS)
    • Fareidentifisering
    • Sårbarheitsvurdering
  • Konsekvensutgreiing (KU) m/ vedlegg
    • Klimaendringar og klimatilpassing
    • Vurdering av gjeldande reguleringsplanar i sentrum
    • Kunnskapsgrunnlag – miljøtema
    • Kunnskapsgrunnlag – risiko
  • Stadanalyse for Sveio sentrum
  • Barnetråkkregistreringar i Sveio kommune
  • Innspelsliste til kommunedelplan for Sveio sentrum
  • Rapport frå arbeidsmøte

Planforslaget er å finna på kommunen si heimeside http://www.sveio.kommune.no/hoyringar-og-kunngjeringar/ og i Sveio offentlege servicekontor på Sveio kommunehus.

Aktuelle høyringsinstansar blir varsla særskilt.

Merknader til planforslaget kan sendast til postmottak@sveio.kommune.no eller Sveio kommune, postboks 40, 5559 Sveio innan 25.08.2022.