Mange barn treng fosterheim – kom på infomøte!

Illustrasjonsbilde barn som hoppar på trampoline - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde fosterheim

Rundt 30 barn i Haugalandet og Sunnhordaland treng ein ny, trygg heim. Bli med på digitalt informasjonsmøte med Siv Merethe og June tirsdag 18. april kl. 20:00, og finn ut kva det vil seie å vere fosterhjem.  

I Rogaland og Vestland er det over 1000 fosterheimar. Når dei skal fortelle om kvifor dei har opna hjarta og heimen for eit barn, svarar mange: «Me ønsker å hjelpe eit barn som treng hjelp. Det gir oss stor glede å sjå utviklinga barnet får når det får stabil omsorg.» 

Det kjem stadig nye barn til som treng fosterhjem. På vårt digitale informasjonsmøte får du vite meir om kven barna er, og kva det inneber å vere fosterhjem. Møtet tar ca. ein time. Du får høve til å stille spørsmål.  

Fosterhjemstjenesten i Haugesund har digitale møter ca. ein gong i månaden. 

Fosterhjemstjenesten er en del av Barne-, ungdom- og familieetaten (Bufetat).

Med vennlig hilsen
Siv Merethe Fonnes Midtgård
Fosterhjemtjenesten i Rogaland og Vestland

Telefon: 46619202