No kan du enkelt og trygt kontakte fleire helsetenester i Sveio kommune på Helsenorge.

Illustrasjonsbilde, ei eldre dame som går tur med ei yngre dame - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde

Du kan sende og motta meldingar, sjå avtalar og få varsel om utførte besøk.
 

Avdelingar dette gjeld for er Sveio omsorgssenter, heimetenesta og psykisk helseteneste.  Med fullmakt kan tenesta kan også brukast av pårørande til psykisk utviklingshemma som bur på Stemhaugen- og Åsvegen bueining og på Straumøy gard.

Innanfor desse tenestene kan du sende og motta meldingar på helsenorge.no. Innanfor heimetenesta kan du i tillegg sjå avtalar om heimebesøk og avbestille besøk/helsehjelp frå heimetenesta. Du kan også ha varsel på sms eller e-post om utførte heimebesøk.

Sjå meir informasjon om korleis du brukar tenesta på helsenorge.no

Andre kan bruke tenestene på Helsenorge på dine vegne

Du kan gi andre fullmakt til å bruke tilbodet på vegne av deg. Du bestemmer sjølv kven du ønskjer å gi fullmakt til, men personane må vere 18 år eller eldre. Det er mogeleg å trekke tilbake fullmakta når som helst på helsenorge.no.

For å bruke helsenorge.no på vegne av andre, loggar du først inn som deg sjølv. Deretter vel du kven du vil sjå opplysningane for eller utføre tenester på vegne av.

Sjå korleis du representerer andre på Helsenorge.no

 

 

Hjelp og brukerstøtte

Har du spørsmål om bruk av den digitale løysninga, ring Veiledning for helsenorge.no på 23 32 70 00.

Har du spørsmål om heimetenesta du mottar, ta kontakt med din heimetenesta i Sveio kommune på telefon 53 74 82 20 (tenestekontoret)

Logge inn på Helsenorge

Sjå rettleiing til korleis du loggar inn på Helsenorge på helsenorge.no