Ny forskrift og nye anbefalingar


Bakgrunnen for dei nye smittetiltaka i kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Vindafjord, Sveio, Etne, Bokn og Utsira er den samla smittesituasjonen for luftvegssjukdommar på Haugalandet, og presset som no er på sjukehus, legevakter, helsetenester og skular/barnehagar i regionen.

Anbefaler karantene for husstandsmedlemmer

Me forsterkar dei nasjonale koronatiltaka no for å redusera trykket på viktige samfunnsfunksjonar, ved å anbefala at husstandsmedlemmer held seg i karantene i sju – 7 – dagar etter påvist smitte i heimen.

Me er i ein annan situasjon enn tidlegare i haust, og me må alle gjera det me kan for å avgrensa smittespreiinga. Tiltaka er òg ei påminning om at me må vera ekstra smittevernmedvitne inn mot julehøgtida.

Påbod om munnbind

Det blir innført påbod om bruk av munnbind på kollektivtransport, drosjar, butikkar og kjøpesenter når du ikkje kan halda nok avstand til andre. Påbodet gjeld ikkje barn under 12 år eller personar som av medisinske årsaker ikkje kan bruka munnbind.

Les forskrifta her. (PDF, 181 kB)

Vaksinasjon er framleis det viktigaste smitteverntiltaket og verkemiddelet mot alvorleg sjukdom. Me understreker igjen at vaksinasjon ikkje berre er viktig for den enkelte, men òg for fellesskapet.

Varer til 7. januar

Det nye smitteverntiltaket i dei åtte kommunane på Haugalandet gjeld frå midnatt natt til 4. desember og har ei varigheit til og med 7. januar 2022.

Fleire påminningar 

  • Vaksiner deg mot covid-19.
  • Reduser talet på personar du er saman med i sosiale samanhengar.
  • Hald avstand til andre.
  • Unngå klemming og handhelsing.
  • Hald deg heime dersom du er sjuk eller har symptom.
  • Test deg ved symptom, òg om du er vaksinert.
  • Fortsett å vaska hendene ofte.

 

Med helsing
rådmenn og kommunedirektørar

Sigurd Eikje, Tysvær kommune
Vibeke Vikse Johnsen, Karmøy kommune
Bjørn Tollefsen, Etne kommune
Ingeborg Skjølingstad, Bokn kommune
Jostein Førre, Sveio kommune
Yngve Bergesen, Vindafjord kommune
Ole Bernt Thorbjørnsen, Haugesund kommune
May Brit Jensen, Utsira kommune