Sveio bygdekvinnelag og Landbruksforvaltninga i Sveio inviterer til damekveld!

Invitasjon til damekveldSveio bygdekvinnelag og Landbruksforvaltninga i Sveio inviterer alle damer på ein kjekk kveld den 16. november i auditoriet på Sveio skule frå kl. 18.00- 20.00.

Program: 

  • Besøk av FLOR
  • Servering
  • Mogeleg det kjem fleire foredragshaldarar.

Kven er FLOR?

FLOR kjem frå Voss og lagar fine og funksjonelle arbeidsklede til damer. Dette er klede som passar for damer som arbeidar i hagen, i landbruket, i barnehage, går tur på fjellet eller på kontoret.

FLOR vil fortelja litt om seg sjølv,  korleis dei blei til og reisa fram til i dag.

Det blir høve til å både prøva og kjøpa klede.