Sveio kommune på 15. plass i Kommunebarometeret

"" - Klikk for stort bilete
Kommunebarometeret for 2022 er publisert, og Sveio kommune hamnar på ein 15. plass av 356 kommunar.

Kommunal Rapport, som utarbeidar barometeret, beskriv det sjølv slik:

  • Kommunebarometeret er ei samanlikning av alle kommunane i Noreg, basert på til saman 151 nøkkeltall innan 12 ulike sektorar.
  • Hensikta med barometeret er å gi beslutningstakarar ei lettfatteleg og tilgjengeleg oversikt over drifta til kommunen.
  • Resultatet er "ikke perfekt", men gir ein indikator og ein moglegheit til å stilla spørsmål og ikke minst læra av dei beste.
  • Tala er i hovudsak hentet fra SSBs Kostra-database, tall for 2020. Det er i tillegg hentet statistikk fra kilder som Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Norsk kulturindeks fra Telemarksforsking.

Ordførar Linn Therese Erve har merka seg resultatet: 

"I to år på rad er Sveio kommune rangert i toppsjiktet på Kommunebarometeret. Dette viser ein stabilitet i god drift i kommunen. Fokuset vårt på kvalitet og effektivitet i tenestene, samt godt samarbeid mellom politisk og administrasjon, har gitt gode resultat. I år som i fjor vil eg rosa dei tilsette som kvar dag gjer ein formidabel innsats for å yta gode tenester innanfor budsjettrammene."

I 2021 var Sveio kommune på 12. plass.

Kjelde: Her er resultatene i Kommunebarometeret 2022 • Kommunal Rapport (kommunal-rapport.no)