Sveio kommune sitt arbeid med kommuneplanen sin arealdel

Kommunehuset i Sveio - Klikk for stort bileteKommunehuset i Sveio Ida Kristin Vollum

I samband med grovsiling av innspel, er det no høve til å koma med revidert innspel til kommuneplanen sin arealdel

I samband med Sveio kommune sitt arbeid med kommuneplanen sin arealdel blei det i haust gjennomført ei grovsiling av innspela som er sendt inn. I formannskapsmøtet 16.01.23 blei det vedteke at dei innspela som har fått tilråding om å bli teke ut av planprosessen før KU (konsekvensutgreiing), skal få moglegheit til å sende inn eit nytt revidert innspel. Dei som har sendt inn innspel som har blitt tilrådd å bli teke ut av planprosessen har fått informasjon om dette pr brev/e-post.

Det er difor berre allereie innsendte innspel som har fått tilråding i grovsilinga om å bli teke ut av planprosessen som blir oppfordra til å levere inn i denne omgang.