Tilskot til etablering av "nærmiljø og sosiale møteplassar" søknadsfrist 19. desember 2022

Illustrasjonsfoto nærmiljø og sosiale møteplassar - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto nærmiljø og sosiale møteplassar

Frivillige lag og organisasjoner, velforeninger, bygdelag i bygdene Vikse, Bua, Sveio, Lid, Valestrand, Førde og Auklandshamn blir inviterte til å søkje om tilskot på inntil kr 200 000 frå Sveio kommune til å etablere "Nærmiljø og sosial møteplass" sentralt i bygda.

Ordninga "Nærmiljø og sosiale møteplasser" skal vere med å bidra til aktivitet, betre folkehelse og attraktive lokalsamfunn for alle aldersgrupper. Viktige premiss for arbeidet, er å få etablert ein attraktiv stad sentralt i bygda, der alle kan møtast og trivast. 

I dokumentet "Bulyst" ligg ønske frå bygdene om å opparbeide slike møteplasser. Bygdene blir oppfordra til å samarbeide internt i bygda, både for å avklare kvar den mest sentrale møteplassen i bygda ligg og i arbeidet med å utarbeide plan for korleis staden skal vere utforma for å vere ein samlande stad i bygda. 

Sjå Retningsliner for tilskot til "Nærmiljø og sosiale møteplassar"  (PDF, 2 MB)

Sjå Rapport "Bulyst"  (PDF, 5 MB)