Biblioteket er blitt Miljøfyrtårn

Ordføraren overrekker Miljøfyrtårn-diplom til bibliotekstilsette - Klikk for stort bileteF.v.: Ida Vikse, Kristine Thorkildsen (biblioteksjef), ordførar Linn T. Erve, Pål Jøsok, Anitha Ramsdal og Martin Mason
Nok ei verksemd i Sveio kommune har lagd inn innsats for å bli Miljøfyrtårn-seritifisert. Denne gongen er det Sveio folkebibliotek!

Sertifiseringa blei markert på biblioteket på tysdag med overrekking av diplomet. 

Biblioteksjef Kristine Thorkildsen er glad for at Sveio folkebibliotek er blitt Miljøfyrtårn-sertifisert: 

Dette gjer at me har meir fokus på dei konkrete miljømåla som er definert i miljøsertifiseringa.  Me ønsker at miljøvern skal gjennomsyra kvardagen. Dette betyr blant anna å resirkulera bøker, kjøpa inn bøker om miljøvern, ha fokus på økonomi og sortering av avfall og ha arrangement og driva folkeverkstad med miljøvern som tema. Og mykje meir!

Som folkebibliotek har me òg ein unik posisjon til å ikkje berre påverka personalet, men me har brukarar frå heile kommunen som me har høve til å formidla miljøvern til.

Du kan lesa meir om Miljøfyrtårn og sertifiseringa på stiftinga sine nettsider: Dette er Miljøfyrtårn | Stiftelsen Miljøfyrtårn (miljofyrtarn.no)

Sjå òg saker om Haukås bilverkstad (Gratulerer til nytt Miljøfyrtårn! - Sveio kommune) og Sveio kommunehus (Sveio kommunehus er blitt Miljøfyrtårn - Sveio kommune).