Informasjon vedrørande blågrønalger i Vigdarvatn

Vigdarvatnet - Klikk for stort bilete Foto: Natalia Soto Danmo

Sveio kommune har tatt vassprøve av Vigdarvatn ved Tveit og ved rasteplassen langs fv 47 og fått dei analysert for blågrønalger.   

Resultatet viser ei moderat mengde blågrønalger ved rasteplassen og noko mindre ved Tveit. Det er vanskeleg å gje konkrete råd for om dette er farleg for badende då blågrønalger kan variere lokalt og kan også endre seg raskt over tid. Det finst også ei stor mengde ulike typar blågrønalger. Nokre kan produsere farlige stoff, andre ikkje. Generelt så er kommunen sitt råd at Vigdarvatn ikkje nyttast til drikkevatn, men at bading truleg er greit dersom vatnet ser nokolunde klart ut.

Dersom vatnet har ein grønaktig farge, eller har veldig dårlig sikt, tilrår kommunen at det ikkje bør nyttast til bading.

Ny prøve vert utført om nokre veker og dersom det er endringar i resultata vert dette oppdatert på kommunen si heimeside fortlaupande. Dersom nokon oppdagar område med sterk algeblomst, så kan vedkomande ringja til kommunen slik at det vert utført nye prøver rundt det området det gjeld.

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 10.08.2017