Kunngjering – detaljregulering for del av gnr 40 bnr 224, Sveiåsen 3

 

Sveio kommune har i møte den 30.09.2019, sak KOM-058/19, godkjent detaljregulering for Sveiåsen 3, del av gnr. 40 bnr. 224, i medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12.

Føremålet med planen er å leggja til rette for bustadområde med tilhøyrande funksjonar, barnehage, brannstasjon og friluftsområde.

Sjå vedlagt link til høgre for å sjå vedlegg.

 

Kommunestyret sitt vedtak kan verte påklaga til Fylkesmannen i Vestland innan tre veker frå denne kunngjeringa, jf. pbl § 12-13. Eventuell klage må vera grunngjeven og skal verte sendt til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio, eller til postmottak@sveio.kommune.no. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må etter pbl §§ 15-2 og 15-3 vera sett fram innan tre år.